22. september hadde Seniorgruppa sykkel- og fottur Juvikåsen – Tansberghøgde

Sykkel- og fotturen gjekk i strålande sol og vakre haustfargar.
På grunn av dårleg vermelding blei denne turen flytta frå 21. til 22. september. Det viste seg å vera eit heldig val. Turen starta med sol frå skyfri himmel, og slik var det så og seia på heile turen.
Vi var fem deltakarar medrekna to turleiarar. Etter å ha parkert bilane på Juvikåsen sykla vi ca. 9 km gjennom stølsgrenda Lie, over Liaåsen, gjennom stølsgrenda Tansberg og opp på høgste punktet på stølsvegen. Der sett vi frå oss syklane og følgde ein tydeleg stig 1 km nordover til den store varden på Tansberghøgde. Her oppe er det utsikt i alle himmelretningar, m.a. til Skaget, Langsuene, Djuptjernskampen, Synnfjellet, fjell i Hemsedal, Vestre Slidre, Vang og i Jotunheimen.
På heimturen hadde vi ein lengre rast i gapahuken nede på stranda på Tansberg.

Målet for turen var å oppleva haustfargane i fjellet på ein ikkje for lang og hard sykkeltur og ein lett fottur. Målet blei nådd; vakre haustfargar og strålande ver og mange pausar under vegs.
Takk til turdeltakarane for triveleg samver.
Referent: Bjørn Vegard Johnsen
Turleiar: Bjørn Vegard Johnsen og Gunnar Moden
