12. desember vart det skitur til Kjølastølen

Snart oppe på Øystre Kjølastølen, etter triveleg tur i lett kornsnø
Snart oppe på Øystre Kjølastølen, etter triveleg tur i lett kornsnø Foto: Tor Harald Skogheim

Turen som skulle gått på Valdresflye vart flytta grunna varsel om tåke der. For oss seks vart det i staden triveleg «reservetur» i Yddin-området, med matpause undervegs i ein lun stølsvegg.

Draumen var jo strålande sol oppe på Flye, men det klaffar ikkje alltid slik. Og når varselet var tåke, -8 grader og vind som ville bety effektivt -16 grader, vart det altså bestemt reserveløysing.

På parkeringa på Selstølshøgda var det -4 grader og vindstille, og brukbar sikt sjølv om det var grått. Det er for lite snø til å kjøre løyper enno, så vi gjekk på stølsvegen innover, enkel brøyting i 15-20 centimeter dunlett kornsnø. Rett etter brua over Kjølaåne tok vi til venstre, på vegen som går til Øystre Kjølastølen.

Triveleg matpause ved Jordestølen
Triveleg matpause ved Jordestølen Foto: Tor Harald Skogheim

Etter matpause ved Jordestølen fortsette vi heilt opp til Kjølabu, den tidlegare turisthytta som ligg på toppen over stølane. Hytta var privateigd, hadde rundt 20 sengeplassar, og var i drift til rundt 1980. Herifrå gjekk det merka rute til Storeskag, dessutan over Skreddalsfjellet mot Haugseter og vidare til Gjendesheim.

Heimturen vår gjekk lett i oppgått løype, og vi kunne takke for laget etter druge tre timar ute på tur.

Turleiar og referent: Tor Harald Skogheim

Skydekket ligg nesten nedpå den tidlegare turisthytta Kjølabu
Skydekket ligg nesten nedpå den tidlegare turisthytta Kjølabu Foto: Tor Harald Skogheim

Skrevet av Jørgen Wangensteen 14. desember 2021