15. mars vart ein draumedag på ski i Aurdalsåsen

I fine kliv i høgdene
I fine kliv i høgdene Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Skal du gå til Bjørgovarden, bør det vera fint ver, for her får du ei fantastisk utsikt i alle retningar.

Vi 4 seniorane som «besteig» Bjørgovarden (1138 m.o.h.) tysdagen, fekk det fine veret vi ønskte oss. Ikkje ei sky på himmelen og eit framifrå godt skiføre. Det kunne knapt bli betre. Einaste skåret i gleda var ein dis rundt oss. Vi såg difor ikkje så langt som vi skulle ønskja. Men vi skimta Skogshorn, dei næraste fjella i Jotunheimen og Synnfjellet m.a.

Denne turen skulle ha vore ein lengre tur rundt og opp til Bjørgovarden. Men det var lite snø og vanskelege løyper mellom Kolsrudstølen og Vardelie. (Turleiarane hadde gått den ruta på førehand). Difor la vi om turen og følgde hovudløypa frå alpinanlegget nær Danebu og rett til Bjørgovarden og same turen tilbake. Dette var ein kortare tur, men vi bestemte oss for å nyta det fine veret og bruka den tida vi ville.

Flotte skiløyper i Aurdalsåsen
Flotte skiløyper i Aurdalsåsen Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Vi visste på førehand at det kom til å blåsa på toppen. Difor tok vi første rasten i gapahuken ikkje langt frå Kringlestølen og andre rasten på tilbaketuren rett etter den brattaste bakken ned frå fjellet. Det slo til med ein sur vind ved varden.

Det har vore lite snø i vinter, og siste bakken mot toppen gjekk vi på føtene. Rundt sjølve Bjørgovarden var det ikkje snø i det heile. Fleire stader oppe i høgdene stakk stein og lyng fram i skisporet. Det blir spanande å sjå korleis det blir til påske.

Takk til turdeltakarane for fin tur og triveleg samvær.


Referent: Bjørn Vegard Johnsen

Turleiare: Bjørn Vegard Johnsen og Ester Christensen


Framme ved Bjørgovarden
Framme ved Bjørgovarden Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Skrevet av Jørgen Wangensteen 15. mars 2022