10. mai var det kulturhistorisk sykkeltur m/Seniorgruppa

Siste stopp før Bjørgo stasjon
Siste stopp før Bjørgo stasjon Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Sykkeltur i etterlengta regnver på Valdresbanevegen mellom Fagernes og Bjørgo.

Det er trivlegast å arrangera sykkelturar i fint ver. Denne våren har vore uvanleg tørr. Alle hadde håpa på regn i lang tid, og akkurat 10. mai då seniorgruppa gjennomførte den årlege sykkelturen på Valdresbanevegen mellom Fagernes og Bjørgo, slo veret om. Det regna meir eller mindre på heile turen.

Tema for turen i år var dei fire jernbanestasjonane på strekninga: Fagernes og Leira stasjonar opna i 1906, og Aurdal og Bjørgo opna i 1905.

Vi såg først på stasjonen på Fagernes. Så sykla vi til Bjørgo og tok dei andre stasjonane på turen tilbake til Leira der vi avslutta fellesturen.

Turleiar fortalde om dei ulike stasjonane og om trafikken på banen då den var i drift.

Leira stasjon
Leira stasjon Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Veret gjorde at vi gjennomførte turen på kortare tid enn først rekna med. Vi fekk likevel gjennomført det som var planlagt. Trass i at vi var våte og kalde, gjennomførte alle den 36,4 km lange turen med godt humør.

Takk til dei 5 påmelde deltakarane for fin tur og triveleg samver.

Turleiare: Bjørn Vegard Johnsen og Mads Wangensten

Forteljar og referent: Bjørn Vegard Johnsen

Rast i pakkhuset på Bjørgo stasjon
Rast i pakkhuset på Bjørgo stasjon Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Skrevet av Jørgen Wangensteen 10. mai 2022