12. juni hadde Barnas Turlag tur til Svarthamarknatten

Tur til Svarthamarknatten
Tur til Svarthamarknatten Foto: Gunhild Rogstad Storsæter

Denne syndagen la 5 spreke ungar og 6 vaksne i veg mot Svarthamarknatten. Sjølv om ein må forsere ein del høgdemeter og bakkar frå Svarthamar til Svarthamarknatten, var humøret upåklageleg. På toppen var det frisk vind, og regn trua rundt oss.

Tur til Svarthamarknatten
Tur til Svarthamarknatten Foto: Gunhild Rogstad Storsæter

Vi fann ein fin plass i le litt nord for toppen, med flotte steinblokker som innbaud til litt ekstra klatring! Turen ned igjen gjekk leikande lett, etter lunsj, kakao, sjokolade og god kvil. Takk for ein fin tur 😊

Turleiar og referent: Gunhild Rogstad Storsæter 

Tur til Svarthamarknatten
Tur til Svarthamarknatten Foto: Gunhild Rogstad Storsæter

Skrevet av Jørgen Wangensteen 19. juni 2022