Kulturhistorisk sykkeltur i sørre delen av Etnedal

Lundebrue
Lundebrue Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Nokre gonger slår veret til slik vi berre kan drøyma om. Det skjedde onsdag 29. juni då seniorgruppa arrangerte kulturhistorisk sykkeltur i Etnedal. Turen var planlagt til dagen før, men då var det meldt regn og gråver, så vi utsette turen ein dag. Med med stort hell. Vi hadde strålande sol og varmt ver på heile turen.

Turen starta ved Skogtun sør for Bruflat sentrum. Der frå følgde vi den nyleg oppmerka og rydda gang- og sykkeltraseen sør til Etna camping. Traseen eignar seg godt for sykling og går på grusveg, skogsveg og skogsstig. Siste strekninga fram til campingplassen går den i kanten på eit jorde. Trassen svært lite trafikkert av bilar. Berre to gonger kryssa vi fylkesvegen.

På Blåflat gard
På Blåflat gard Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Vi hadde mange stopp, m.a. på desse plassane: Etnedal mølle, Kleivgard, Voll, Hellefossen, Lundebrue og Etna camping. På tilbaketuren følgde vi same traseen til Voll. Der tok vi på oss refleksvestar og sykla dei ca. 3 km på fylkesvegen opp til Bruflat der vi såg på Blåflat gard og på kyrkja før vi sykla tilbake til Skogtun.

Ved bysta av Sigurd Lybeck ved Lundebrue
Ved bysta av Sigurd Lybeck ved Lundebrue Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Vi var i alt 9 deltakarar. Torodd Lybeck var med som kjentmann. Han fortalde interessant om mangt og mykje om det vi såg på turen, mellom anna om bestefaren hans, Sigurd Lybeck, forfattar av dei populære bøkene og teikneseriane om Jens von Bustenskjold. 

Dette var andre gongen seniorgruppa arrangerte denne sykkelturen. Torodd var kjentmann også på den første turen.  Det inspirer til ny tur seinare ein gong.

Takk til deltakarane for triveleg samver.

Turleiar: Bjørn Vegard Johnsen og Mads Wangensten

Referent: Bjørn Vegar Johnsen

Vi syklar gjennom skogen langs Etna
Vi syklar gjennom skogen langs Etna Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Skrevet av Jørgen Wangensteen 6. juli 2022