12. juli var det topptur i Aurdalsåsen m/Seniorgruppa

Framme på Bjørgovarden
Framme på Bjørgovarden Foto: Bjørn Vegard Johnsen

9 personar, 5 menn og 4 kvinner, var med på fotturen i Aurdalsåsen 12. juli. Det er ikkje ofte at det er fleire menn enn kvinnner på turane våre. Det var gledeleg.

Turen starta i varmt solskin ved bommen ved Storstølen. Der frå gjekk vi opp på Storstølsknatten (1124 m.o.h.) Etter å ha studert utsikten der, følgde vi høgdedraget på god stig sørover til Kringlestølen. Der hadde vi ein god rast. Så kom vi inn på hovudstigen frå Danebu og følgde den fram til varden på høgste punktet på turen, sjølvaste Bjørgovarden (1138 m.o.h.). Bjørgovarden er ein av kremtoppane til DNT Valdres i år. Etter registrering og fotografering ved varden, søkte vi ly for den litt sure trekken eit lite stykke nord for varden og rasta der. Nokre av deltakarane hadde ikkje vore her før, så dette blei ei ny og positiv oppleving.

Tilbake til bilane følgde vi hovudstigen, men hadde ein liten rast ved den såkalla trefallsbakken. Vi sløyfa avstikkaren over Steinknatten denne gongen. Veret hadde gråna til, og regnbyer truga i det  fjerne.

Aurdalsåsen byr på mange store og små høgdedrag og toppar, og vi nytte utsynet mange stader. Ein av turdeltakarane, Odd Sagbråten, fortalde om Øvre Storstølen og Kringlestølen og mangt anna vi såg på turen. Tusen takk til han for det.

Vi kom fram til bilane utan uhell av noko slag og i godt humør. Takk til turdeltakarane for triveleg lag.

Referent: Bjørn Vegard Johnsen

Turleiare: Bjørn Vegard Johnsen og Ester Christensen

Rast på Kringlestølen
Rast på Kringlestølen Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Skrevet av Jørgen Wangensteen 19. juli 2022