24. mai hadde Seniorgruppa tur på historisk grunn

Fagernes
Fagernes Foto: Ester Christensen

Turen startet i fint vårvær litt nedenfor Garlikrysset, som ligger opp for Fagernes og det var 10 som var med på turen.

Vi hadde utgangspunkt i Kongevegen over Filefjell og skulle opp ca 400 høgdemeter. Først gjekk vi innom husmannsplassen Brenna som høyrer til garden Sørre Garli. Turen gjekk i fint kulturlandskap opp til plassen Elidokke, der vi hadde kaffepause, og her hadde det vært hingsteslipp frå ca 1920-1960. Hestefølge vart drevet opp til Heimdalen/Yksnedalen ca 20. juni, dei fulgte bygdavegen oppover.

Men vi forsatte opp til Karihuskampen der det var nøytralitetsvaktpost 1939/1940 som var betjent døgnet rundt. So gjekk turen nedover stignettet i Ranheimsbygda forbi der 2 seilfly kolliderte i 1968 og 2 gutar omkom.

Videre gjekk turen forbi bedehuset og skula i bygda, og vi har hatt ei stavkyrke som vart reven i 1723 på Susjordet. Vi kom no ned på Gamlevegen/Kongevegen frå Øystre Slidre ned Garlikleiva og ned i Garli og ovafor Djupedalen og til utgangspunktet.

Vi hadde no vært ute i ca 3 og en halv time i vårkvelden Takk til Melvin Håvelsrud for att vi fekk ta kaffepausa på innmarka hans. Takk også til Norun Lyseng.

Turleder, referent og historieforteller: Kari Borgny Fjelltun.

Foto: Ester Christensen

Skrevet av Jørgen Wangensteen 28. mai 2016