7. juni hadde Seniorgru​​​​​​​ppa tur rundt Fiskeløyse

Ein god rast i nordenden av vatnet Fiskeløyse
Ein god rast i nordenden av vatnet Fiskeløyse Foto: Marit S. Brenna

Vi var tilsaman 12 personer: 1 mann, 11 damer og 2 hundar som startet frå Lehovd i Vestre Slidre. Nydelig og varmt ver, men litt vind frå nord. Isen på vatnet hadde akkurat gått, så blått «hav» møtte oss.

På toppen av Syndisfjellet beundra vi utsikten til alle kantar, med fjell som var dels dekka av snø,  før vi skreiv oss inn i turboka.

Like etter toppen var vi så heldige å sjå ein reinsflokk som kom mot oss, og fotografiapparata kom fram.

Ein god rast i nordenden av vatnet Fiskeløyse, før vi vandra vidare på god sti og med bra utsyn tilbake til bilane.

 Turleiar og referent: Marit S. Brenna

Skrevet av Jørgen Wangensteen 9. juni 2016