25. juni var det fottur til Bukkehåmåren og Kvassryggen

På Bukkehåmåren, 800 meter stup ned mot Øvre Leirungen. Bak er Knutshøe, Gjende og Veslefjellet
På Bukkehåmåren, 800 meter stup ned mot Øvre Leirungen. Bak er Knutshøe, Gjende og Veslefjellet Foto: Cecilia Hørup Nilssen

Laurdag 25. juni stilte DNT Valdres med turleiar på lang dagstur for Jotunheimen Fjellfestival som var på Gjendesheim frå torsdag til søndag denne helga.

Turen var eigentleg sett opp til også å gå oppom Høgdebrotet (2226 m), men "prøvetur" to dagar før gjorde det klart at denne runden ville bli for lang. Det var dessutan framleis att litt snø i den bratte, øvre delen av eggen opp mot Høgdebrotet frå nordaust, ikkje aktuelt med fellestur her!

Vi starta frå parkeringar ved Vargbakken, gjekk brua over Leirungsåne og vidare på sti nedover langs elva. Deretter opp på venstre side av elva som kjem frå Bukkehåmårtjønne. Alt nede i bjørkebeltet fekk vi sjå mogop i blomst, og heile dagen vidare kunne vi glede oss over fargesprakande små undeverk nede på bakken. Her var fjellsmelle og snøbakkestjerne, kvitlyng, blålyng og moselyng - og mykje, mykje meir.

Vi kryssa elva på ein av få mulege stader, og oppover mot Bukkehåmåren - og frå toppen der - fekk vi flotte utsyn mot Gjende og Besseggen, og mot Knutshøe og resten av fjellheimen. Innover i Jotunheimen er det tydelegvis mykje snø enno.

Heile fylgjet vart med til topps på Kvassryggen (2071 m), der Nathalia fekk spontan applaus etter å ha "brote" 2000-metersgrensa for fyrste gong.

Returen kan knapt kallast ein nedtur, for ryggen frå punkt 1899 m nedover mot tjernet har delvis vegetasjon som underlag. Det var lett å gå, også her var det blomsterprakt å nyte (fylg små varder på sørsida av ryggen). Lett og fint var det å gå vidare nedover langs elva, der vi også opplevde å sjå elg i 1500 meters høgde, veldig spesielt!

Vi var i alt 10 med på turen, og med start klokka 9 og retur til bilane klokka 18 fekk vi verkeleg utnytta den flotte dagen. Nær sagt som vanleg var det flest kvinner med, og alle greidde turen fint. Det gjorde også yngstemann, Ulrich (14) frå Lørenskog, med glans, sjølv om både han og vi andre hadde litt kamp med myggen ein halvtimes tid opp vier- og bjørkebeltet, før sola kom.

Turleiar og referent: Tor Harald Skogheim

Mogop i full blomst 25. juni
Mogop i full blomst 25. juni Foto: Tor Harald Skogheim

Skrevet av Jørgen Wangensteen 4. juli 2016