14. august var det fottur høgt og herleg over Nibbe i Hemsedal

Turstart frå Løkjestølane. Høgste Nibbe (1741 m) er midt i biletet bakerst.
Turstart frå Løkjestølane. Høgste Nibbe (1741 m) er midt i biletet bakerst. Foto: Tor Harald Skogheim

Fellesturen over Nibbe (1741 m) var bokstaveleg tala eitt av høgdepunkta i sommar. Og ikkje berre fordi toppen er 13 meter høgare enn naboen Skogshødn. Turleiar Anne Katrine Brun Norbye, som har hytte like ved, sa tidleg ifrå om at dette var ein av favoritturane hennar. Det er ikkje vanskeleg å forstå etter å ha vore med på ein utruleg variert og triveleg rundtur. Når også vêret synte seg frå godsida måtte dette berre bli knallbra.

Vi var i alt åtte med på turen som starta frå Løkjestølane nesten under foten av Skogshødn. Hit kjem du på bomveg inn forbi Ulsåkstølen (hugs mynt). Du ser høgste toppen frå vegen, og fyrste del av turen går på fin stig opp på høgre sida av ein markert foss som utruleg nok er namnlaus! Bekken/elva blir kryssa litt ovafor fossen, og så stig det jamnt i fine lyngbakkar.

Turen går på god sti opp på høgre sida av fossen (til Nibbe).
Turen går på god sti opp på høgre sida av fossen (til Nibbe). Foto: Tor Harald Skogheim

Om lag siste tredelen av oppstigninga blir på stein, men ganske så lettgått også her.

Ved varden vart det god matpause med utsyn mot mellom anna Helsingvatnet og Vannen (fine padlevatn), og Ibsen-deklamering ved Anne Katrine.

På fine lyngbakkar, med Helsingvatnet og Vannen i bakgrunnen.
På fine lyngbakkar, med Helsingvatnet og Vannen i bakgrunnen. Foto: Tor Harald Skogheim
Turleiar Anne Katrine deklamerer frå "På vidderne" av Henrik Ibsen
Turleiar Anne Katrine deklamerer frå "På vidderne" av Henrik Ibsen Foto: Tor Harald Skogheim

Turen vidare gjekk mot nordvest, fyrst på lettgått steinunderlag, så eit kort stykke litt meir uryddig før vi på lyngbakkar svinga oss ned mot Øvrebøtten. Den blir betegnande nok også blir kalla Trøngebøtten. Etter den nesten canyon-liknande indre delen opnar det seg meir opp, og det blir etter kvart tydeleg stig att nedover på vestsida av elva. Veldig triveleg heile vegen nedover, ikkje minst langs flotte svaberg og kulpar ned mot Såtetjednet. Sjølvsagt vart det god pause i sola også her.

På tur ut den fascinerande Trøngebøtten.
På tur ut den fascinerande Trøngebøtten. Foto: Tor Harald Skogheim
Matpause på varme svaberg like ovafor Såtetjednet.
Matpause på varme svaberg like ovafor Såtetjednet. Foto: Tor Harald Skogheim

Siste stykket ned til vegen gjekk på god stig ned bjørkeskogen, og så var det to kilometer bort att til bilane. Denne rundturen er langt meir variert og finare enn å gå på langt meir kjente Skogshødn, så her er det berre å leggje nye turplaner, folkens!

Referent: Tor Harald Skogheim

Skrevet av Jørgen Wangensteen 22. august 2016