Kremtopper i Valdres 2022

Å gå på tur er en flott aktivitet alene eller med andre. Noen ganger gir det et lite ekstrapuff til å komme seg over dørstokken om det er et opplegg man kan henge seg på.

Også i år vil DNT Valdres ha et tilbud til alle som liker turkarusell og et mål for turene. Vi har valgt ut 12 flotte turmål som er lokalisert i alle de ulike valdreskommunene. Enkelte topper kanskje litt mindre kjente, men likevel flotte turmål. Toppene har forskjellige vanskelighetsgrader: Grønn, Blå, Rød, Sort.

Årets kremtoppjakt foregår i perioden søndag 20. juni til mandag 17. oktober.

Klarer du å besøke alle i løpet av bar­marksesongen 2022? Ta utfordringen da vel! I tillegg til de flotte turene du vil få, venter et synlig premiebevis til:

  • de voksne som greier minst 10 av toppene
  • de barn (under 16 år) som besøker minst 5 av toppene

Hvordan registrer du bestigningene?

  1. Du kan registrere elektronisk via UT appen. Søk opp listen "Kremtopper i Valdres 2022" (tilgjengelig kvelden før oppstartsdato) og når du er i nærheten av målet, registreres målet ved å trykke på SjekkUT.
  2. Bruker du ikke UT appen, tar du en selfie med det karakteristiske av toppen som bakgrunn, slik at vi kan gjenkjenne hvor du har vært. Når kravet til antall topper er fullført, kan du sende e-post med dato for besøk, vedlagt bildene du tok på toppene, navn og evt. medlemsnummer i DNT Valdres, samt alder for de under 16 år til: kremtopper@dntvaldres.no

For hver av toppene finner du nedenfor:

  • Kort beskrivelse av én atkomstrute (for enkelte to alternativ) til hver av toppene (vi gjør oppmerksom på at noen av toppene har flere vanlige ruter, og de som er kjent fra før går naturligvis den veien de kjenner eller foretrekker, men for å gjøre det enklest mulig for de som ikke har vært på toppene før, har vi primært valgt ut én rute).
  • Ha alltid med kart og kompass som sikkerhet.

Dersom du ønsker grundigere beskrivelser anbefaler vi turbøkene "På tur i Valdres, Øst" og "På tur i Valdres, Vest" fra Glittertind forlag i Skrautvål. I bøkene er flere alternative ruter beskrevet og stiplet inn på gode kart, og det er mange flotte bilder.

Oversiktskart
Oversiktskart

Goaren (1070 moh) Etnedal

4 km t/r, 200 høgdemeter, 1 – 1,5 time t/r (grøn)

Familievennleg tur til ein «snill» topp med flott utsyn mot Jotunheimen, og mot nære toppar som Spåtind, Mellane og Skaget.

Atkomst: Frå Fagernes: Følg vegen mot N. Etnedal til Steinsetbygda. Ta til venstre ca. 1 km etter Valdres Høyfjellshotell, mot Klukkarlie. Etter nye ca. 100 m, ta til høgre inn på bomveg og følg denne vel 1 km vidare til god parkeringsplass.

Gå fyrst på vegen oppover lia (raud merking), etter kvart på tydeleg sti til toppen. Der er det kasse med turbok, og ei sikteskive som viser retning og navn på mange av toppane du ser.

Fra Goaren
Fra Goaren Foto: Morten Helgesen

Fullsennknatten (1081 moh) Øystre Slidre

4,5 km t/r, 150 høgdemeter, 1,5 time t/r (grøn)

Langstrakt fjellrygg på grensa mellom Øystre Slidre og Nord-Aurdal, med høgste punkt så vidt inne i Øystre Slidre. Flott og vidt utsyn, mot Fullsenn, mot åsar og vidder, mot fjella innover i Langsua nasjonalpark og mot tindane i Jotunheimen.

Atkomst: Fram til startpunktet Ranheimstølen har du to alternativ:

1)Kjør stølsvegen frå Moane mot Fullsenn (bomveg) til krysset litt etter Skåltjednstølen. Der fortset du rett fram, gjennom Fullsennlie, med Fullsennknatten på v.s., fram til sideveg mot Ranheimsstølen. Muleg å parkere nær krysset.

2)Frå Skrautvål kan du kjøre hit via Valdres skisenter og stølsvegen (bomveg) forbi Grøslie til bru over Etne. Ta t.v. etter brua og kjør ca 3,5 km vidare til sideveg mot Ranheimstølen. Frå Ranheimstølen går du fyrst eit stykke på traktorveg, så t.v. på tydeleg sti opp bjørkeskogen, over Raneistølshøgde og vidare opp til den store varden på Fullsennknatten. Retur langs same rute.

NB Muleg å sykle fram til Ranheimstølen, frå begge sider, frå sjølvvalgt startstad. Det kan bli ein flott kombinasjonstur!

På tur frå Ranheimstølen mot Fullsennknatten
På tur frå Ranheimstølen mot Fullsennknatten Foto: Tor Harald Skogheim

Bjørgovarden (1138 moh) Nord-Aurdal

11 km t/r, 250 høgdemeter, 3 timar t/r (frå Aurdal Fjellpark) (blå)                     

Flott og populært turmål på Aurdalsåsen, med vidt utsyn, i eit område med gode stiar.

Atkomst: Mange alternative ruter, vår har start ved Aurdal Fjellpark (bomveg opp frå E16 i Aurdal). Frå låst bom i austenden av Lomtjednet fylgjer du vegen til endes, i søraustenden av Storstøltjednet. Så på tydeleg sti vidare mot Kringlestølen. Litt før stølen tek sti av t.h, kryssar bekken frå Kringletjednet og går opp fjellryggen nord for Langevatnet til toppen.

På Bjørgovarden
På Bjørgovarden Foto: Morten Helgesen

Puttekøllen (509 moh) Sør-Aurdal

2,5 km t/r, 200 høgdemeter, 1,5 timar t/r (ved å kjøre bomveg opp lia) (grøn)

Veldig markert topp på nordsida av Begna, flott å sjå når du kjem E16 sørfrå mot Valdres. Er også kalla Valdreshornet.

Atkomst: Ta av frå E16 ved Sørum, på bru over Begna, så t.h. og til Begna bruk. Ta til venstre her, på Buvassvegen og følg denne til bru over Buvasselva (bom). Ca. 600 m etter brua, ta av inn på skogsveg skilta mot Puttekollen. Parkering etter 1,1 km, ved snuplass. Gå ca. 100 m tilbake langs skogsvegen til tydeleg sti som går opp skogen og til toppen. Flott utsyn både oppover og nedover dalen, men pass for stupet! Ca. 400 meter mot sør er det eit utsiktspunkt der kan du sjå heilt ned til Sperillen.

Utsyn frå Puttekøllen ned mot Begna, og nordover mot Begna Bruk
Utsyn frå Puttekøllen ned mot Begna, og nordover mot Begna Bruk Foto: Tor Harald Skogheim

Haugsetfjellet (1152 moh) Nord-Aurdal

3,5 km t/r, 130 høgdemeter, 1 – 1,5 timar t/r (grøn)

Familievennleg tur til toppunkt på vidt platå med flott utsyn, spesielt mot nord, over Hærvatnet og mot Jotunheimen langt bak.

Atkomst: Kjør frå Bagn/Reinli og vidare på bomveg mot Nordre Fjellstølen. Ta etter kvart t.h. (skilt mot Fjellstølbakken), gjennom ny bom og fram til avkjøring mot Haugsetsætre (lett å parkere her). Gå sidevegen t.v. til endes, der går uskilta sti t.h. gjennom buskvegetasjon og vidare opp til eit lite utsiktspunkt. Ope og lett vidare sørover til toppen på 1152 moh, som er det austre av to nesten like høge punkt.

På tur mot Haugsetfjellet
På tur mot Haugsetfjellet Foto: Morten Helgesen

Ålfjell (1137 moh) Vestre Slidre

7 - 8 km t/r, ca. 300 høgdemeter, ca. 2,5 time t/r (blå)

Med den 70 meter høge masta på toppen er Ålfjell eit landemerke som er lett å kjenne att frå mange stader i Valdres. Og utsynet frå toppen er vidt og flott, både mot nære åsar, fjell og vidder, og mot Jotunheimen.

Atkomst: Mange alternative ruter, vi brukar denne: Frå E16 i Ulnes kjører du Panoramavegen mot Vaset. Rett etter Vasetsenteret (Joker) tek veg inn t.h., på nordsida av Vasetvatnet. Ta fyrste sideveg t.h. frå denne (Soltjednvegen). Kanskje muleg å parkere i enden av sidevegen, evt. i enden av  ein vegstubb på oversida av hyttene (eller nede ved Vasetsenteret, det er kort avstand opp).

I enden av sidevegane startar god sti mot Ålfjell, via Fossheimsæter og vidare opp skogen t.v. for ein bekk. Litt før tregrensa går stien over på andre sida, og så flatar det ut innover det vide platået mot den Eiffeltårn-liknande masta på toppen.

Mot Vasetvatnet og Ålfjell
Mot Vasetvatnet og Ålfjell Foto: Mads Wangensten

Gråskarvet (1731 moh) Vang

Ca. 10 km t/r, ca. 850 høgdemeter, 5 – 6 timar t/r (svart)

Høgaste punkt på det langstrakte fjellmassivet mellom Helin og Smådalen. Tung oppstigning, men god løn for strevet med flott utsyn i alle retningar frå toppen.

Atkomst: Turstart ved stølen Kvitehaugen, hit kjem du ved å ta av frå E16 i Ryfoss eller ved Riste bru, og kjøre (bomveg) via Syndin innover mot Strø. Like før Strøstølane tek du t.v. mot Kvitehaugen, muleg å parkere like før stølane. Følg sti på h.s. av Oksleåne heile vegen oppover i jamn stigning. Undervegs passerer du ei djup og ganske intakt fangstgrop som ligg nesten rett i stien. Innover mot Gråskarvet blir trakket meir utydeleg og ikkje alltid lett å fylgje, sjølv om det er ein del vardar.

NB Målet er det høgste og sørlegaste av to omtrent like høge toppunkt som ligg 500 m frå kvarandre!

Om tid og krefter tillet det vil vi anbefale ein avstikkar til Jørundgilknappen (1710 moh), som byr på utruleg flott utsyn blant anna rett ned mot Helin, 850 høgdemeter under deg.

Fantastisk oktoberdag på Gråskarvet, med utsyn mot Smådalsfjellet, Grindadn og Helin, og med "heile" Jotunheimen bak
Fantastisk oktoberdag på Gråskarvet, med utsyn mot Smådalsfjellet, Grindadn og Helin, og med "heile" Jotunheimen bak Foto: Tor Harald Skogheim

Hugakøllen (1131 moh) Vang

3,5 km t/r, 290 høgdemeter, 1 – 1,5 timar t/r (grøn)                

Eit flott og lett tilgjengeleg utsiktspunkt mot Vang, Vangsmjøse med fjella rundt, og mot skogkledde åsar nedover mot Vestre Slidre. Hugakøllen er elles eitt av seks restaurerte vetepunkt i Valdres. Desse vart brukte til varsling av ufred og krig, ein 3000 år gamal tradisjon.

Atkomst: Frå E16 ca. 6 km nord for Ryfoss tek bomveg av mot Hugali/Hugastølen (bomveg). Skilta parkering før Hugastølen, like ved brua over Ala. Kort langs vegen, så inn t.v. på merka sti, skilta mot Hugakøllen og Kongevegen. Opp gjennom bjørkeskogen til et stikryss, og etter kvart ganske bratt opp til toppen. I tillegg til eit eige utsiktspunkt er det her oppe  ein restaurert vete (krigsvarde).

Fra Hugakøllen med Vangsmjøse og Grindane t.v.
Fra Hugakøllen med Vangsmjøse og Grindane t.v. Foto: Jørgen Wangensteen

Grindane (1724 moh) Vang

8 km t/r, 550 høgdemeter, ca. 4 timar t/r (raud)

Dette er eit av dei flottaste toppturmåla i Valdres. Fantastisk utsikt over Helin og mot Jotunheimen. God sti det meste av vegen, men ein del steinur siste del opp mot toppen.

Atkomst: Ta av E16 i Vang ved Vang barne- og ungdomsskule, skilt mot Helin og Smådalen (bomveg). Kjør til Grøvstølen i vestenden av fjellvatnet Helin, og ta t.h. på vegen (ny bom) som går opp lia og forbi Grindatjednet. Lett å parkere ved skilt mot Grindane.

Stien er merka med kvite V-ar, og startar på flate grasvollar før det blir ei bratt kneik. Du må så passere eit reingjerde, rett før dette kan du sjå rester etter fangstgroper og bøgahi frå reinsjakt hundrevis av år attende i tid. Etter gjerdet svingar stien austover og stig etter kvart bratt mot toppen. Mot slutten passerer du ei stor kløft med luftig utsyn ned mot Grindatjednet.

Fra Grindane mot Helin
Fra Grindane mot Helin Foto: Jørgen Wangensteen

Store Sendehornet (1502 moh) Vang

12 km t/r, 550 høgdemeter, ca. 4 timar t/r (raud)

Ein kvass, ryggforma og lite besøkt topp i eit flott fjellområde nordvest for Mugnetinden. Ganske lettgått terreng, men bruk gode fjellsko.

Atkomst: Kjør frå Beitostølen til Beito/Skredbergo, og vidare på Slettefjellvegen (bom). Ta av mot Olø og kjør langs Fleinsendin til nordenden av vatnet. Følg sideveg til venstre, til låst bom etter 1 km. Gå anleggsvegen bratt opp til det regulerte Sendebottjernet. Vidare langs nordsida av tjernet, evt. over Vesle Sendehornet den eine vegen. Frå hovudtoppen formidabel utsikt mot Jotunheimtindane, og rett ned på stølslaget Kvithaug ved Olefjorden. Kanskje møter du reinsdyr undervegs?

Ved Sendebottjednet, mot Store Sendehornet (t.v.) og Vesle
Ved Sendebottjednet, mot Store Sendehornet (t.v.) og Vesle Foto: Tor Harald Skoghem

Gravfjellet (1173 moh) Øystre Slidre

7 km, 285 høgdemeter, ca. 2 t (rundtur) (blå)

Rundtur på gode stiar i kupert terreng og med vidt utsyn - spesielt frå toppen, der du i klarvêr ser både Glittertinden og Falketind samt Storen og andre Hurrungtindar.

Atkomst: Ta av frå fv. 51 i Heggenes, og kjør til Yddin Fjellstogo (bomveg). Parker her og gå ca. 300 m vidare langs vegen. Ta av t.v. inn på sti som går opp til Gravfjellstølen, kryssar ein veg og fortset vidare opp skogen. I skoggrensa opnar utsynet seg mot sør og aust. Gå rett fram i tydeleg stikryss (ikkje ta t.h.) og følg stien til vestenden av tjern 1077 moh. Stien går vidare opp søkket mot nord og til stor varde på hovudtoppen (1174 moh), der du kan nyte utsynet i alle retningar. Fortset turen på sti austover, ta til høgre i markert kryss, og gå ned til tjern 1049 moh. Vidare på stien ned til skoggrensa og attende til Yddin Fjellstogo langs same sti du kom opp.

Ved tjern 1077 moh i Gravfjellet. Høgste toppen (1173 moh) er på midten øvst i bildet
Ved tjern 1077 moh i Gravfjellet. Høgste toppen (1173 moh) er på midten øvst i bildet Foto: Tor Harald Skogheim

Olefjellet (1277 moh) Øystre Slidre

Ca. 8 km, 220 høgdemeter, 3 t (rundtur) (blå)

Ein flott rundtur, heile tida i snaufjellet, over Øysterliknappen, Olefjellet og Stryteberget. Undervegs vidt utsyn i alle retningar – ikkje minst mot Jotunheim-tindane.

Atkomst: Frå fv. 51 i Skammestein kjører du Vinstervegen (bomveg) til Øysterli-stølen. Muleg å parkere på v.s. rett etter stølen. Gå inn sidevegen forbi stølane, og på sti oppover til tydeleg varde på Øysterliknappen. Hald til høgre, og så på sti (små vardar) langs den vide ryggen vest for Ljøtebekken til du passerer stikkene til skiløypa over Olefjellet (Rød 3). Gå opp på høgda rett fram, nokre hundre meter mot vest er punktet 1277 moh. Herifrå utsyn også mot Vinstre og fjella i nord. Muleg med retur langs same rute, men vi tilrår ein rundtur. Gå då rett austover, snart på tydeleg sti mot Stryteberget (1310 moh) og vidare søraustover det vide platået heilt til sørenden. Til slutt går stien litt bratt ned mot stølsvegen som du fylgjer attende til Øysterli-stølen.

På tur mot Stryteberget, med Olefjellet, Bitihødn og Vinstre bak
På tur mot Stryteberget, med Olefjellet, Bitihødn og Vinstre bak Foto: Tor Harald Skogheim
Krus - samleobjekt (premie i 2019)
Krus - samleobjekt (premie i 2019)

Premiering: 
Send inn, lever registreringene dine som nevnt over innen 20. oktober så er du berettiget til et flott krus med motiv fra en av toppene og årets logo.

I tillegg trekkes det ut tre flotte premier blant hhv. voksne og barn, sponset av Sport 1 på Leira.

DNT Valdres arrangerer også fellesturer til noen av Kremtoppene. Se oversikt her.