Skitur utanfor allfarveg på Skardåsen m/Seniorgruppa

Fellestur

Dato
1. mars kl. 09:00 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
DNT Valdres, Seniorgruppa Valdres

Opplev Skardåsen på ein ny måte. Skardåsen har mange idyllar og utfordringar som vi ikkje ser frå dei faste skiløypene. Her er tett skog og snaufjell, større og mindre tjern, myrar, slake høgder og loddrette stup, lette bakkar og tøffe motar. Det meste av turen går i laussnø, men også i hundeløypene og langs oppkøyrde spor.  Det blir fleire stopp under vegs med ein lengre pause der vi lagar oss leirplass, fyrer opp gassbrennar eller lagar bål.   

Start og mål for turen er Valdres skisenter i Skrautvål.  Der frå tar vi oss opp i åsen. Ver og føre bestemmer kva rute vi følgjer og kor lang turen blir, kanskje 20 km. 

Ta med: 

  • Fjellski med feller, også langfeller. 
  • Snøspade og sitjeunderlag. 
  • Ryggsekk med ekstra lue, skjerf, vottar og sokkar. Sterk kulde set sjølvsagt grenser, elles prøver vi å unngå å avlysa turen.  Kle deg difor etter veret og og for ein lang dag ute.  
  • Niste og varm drikke, gjerne mat som kan varmast på bål eller gassflamme. 

Sjølve skituren varar i 4 – 5 timar. Det er ein middels hard tur, men med enkelte tunge og bratte parti. Vi held oss unna rasfarleg terreng. Du må vera i god fysisk form. 

Frammøte på Shell på Fagernes kl. 09.00 eller i Valdres skisenter kl. 09.20. Meld frå ved påmelding.

Frist for påmelding (se kontaktinformasjon) senest 28. februar kl 18:00.

  • Høgdeskilnader: ca 600 m for heile turen. 
  • Kart: Fagernes Norge-serien 1:50 000

Skitur utanfor allfarveg på Skardåsen m/Seniorgruppa

Opplev Skardåsen på ein ny måte. Skardåsen har mange idyllar og utfordringar som vi ikkje ser frå dei faste skiløypene. Her er tett skog og snaufjell, større og mindre tjern, myrar, slake høgder og loddrette stup, lette bakkar og tøffe motar. Det meste av turen går i laussnø, men også ...

Kontaktinformasjon:

  • Bjørn Vegar Johnsen
  • Tlf. 481 42 002

Turledere:

  • Ester Christensen
  • Bjørn Vegard Johnsen