Vårskitur til Øvre Heimdalen m/Seniorgruppa

Fellestur

Dato
7. mai kl. 10:00 - 18:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Skitur, Valdresflye, Heimdalen
Arrangører
DNT Valdres, Seniorgruppa Valdres
Turområde
Jotunheimen (se kart)
Dette arrangementet er over!

Opplev Øvre Heimdalen og Valdresflye i overgangen mellom vinter og vår. Valdresflye er kjent for dei fleste.  Svært få kjenner Øvre Heimdalen. På denne turen vil du bli nærare kjent med denne naturperla. 

Turen startar enten på Valdresflye eller i Heimdalsmunnen. Ver og føre bestemmer det. 

Startar vi på Flye, går vi flatt austover mellom Fisketjednsnuten og Glupetindane og i lange slake utforbakkar ned til Osbue. Så oppover dalen til Sandbakkbue. Turen sluttar i Heimdalsmunnen. Dette alternativet er ca. 15 km. 

Startar vi frå Heimdalsmunnen, går vi i etter måten slake kneiker ned til Sandbakkbue og vidare til Osbue,  ev. .15 km, ca 10 km om vi snur ved Sandbakkbue. Ver og føre bestemmer kor lang turen blir. Uansett er målet med turen å gje alle ei god oppleving i overgangen mellom vinter og vår i denne vakre fjelldalen. Du må vera i god fysisk form. 

Utstyr:

  • Fjellski med feller. 
  • Ryggsekk med ekstra vottar, lue og skjerf og kledsskift. 
  • Rikeleg med niste og varm drikke. 
  • Sitjeunderlag 
  • Kle deg for ein lang dag i fjellet. 

Frammøte: Kl. 10.00 på Shell sør på Fagernes. Dei som ønskjer å slutta seg til lengre nord, avtalar det med turleiaren ved påmelding. 

Høgdeskilnader: 400 m ved start på Valdresflye. 200 m ved start i Heimdalsmunnen. 

Frist for påmelding (sjå kontaktinformasjon) seinast  6. mai kl 18:00.

Kart: Turkart Øystre Slidre Meisterkart  1:50 000 

Vårskitur til Øvre Heimdalen m/Seniorgruppa

Opplev Øvre Heimdalen og Valdresflye i overgangen mellom vinter og vår. Valdresflye er kjent for dei fleste.  Svært få kjenner Øvre Heimdalen. På denne turen vil du bli nærare kjent med denne naturperla.  Turen startar enten på Valdresflye eller i Heimdalsmunnen. Ver og føre ...

Kontaktinformasjon:

  • Bjørn Vegard Johnsen
  • Tlf. 481 42 002

Turledere:

  • Ester Christensen
  • Bjørn Vegard Johnsen