Bli med til dei store fjellvatna bak Bessegen og Besshø, Bessvatnet og Russvatnet.
Turen startar ved Bessheim fjellstue og følgjer DNT-stigen mot Glitterheim, først til Bessvatnet og så til Russvatnet.
Turen er ca. 15 km. t/r. Du må vera i god fysisk form og vant med å ferdast i høgfjellet. Dei første 2 km. stig vi frå knappe 1000 m. o.h. til 1300 m.o.h. Dette er den brattaste delen av turen, men ikkje vanskeleg eller spesielt utfordrande. Her er det flott utsikt over Sjodalen. Så går stigen i slakt og delvis flatt lende til Bessvatnet (1373 m.o.h.). Der frå er det flatt terreng til vi rundar Bessheimrundhøe. Her frå går stigen i slak utforbakke ned til Russvatnet (1175 m.o.h). Vi følgjer same leia tilbake, men går ikkje bort til Bessvatnet denne gongen.
På Bessheim er det mogeleg å kjøpa middag eller annan mat.
Vi prøver å unngå å avlysa turen, så dersom veret blir for utfordrande, blir turen avkorta eller lagt heilt om.
Høgdeskilnader: I alt ca. 500 m. kvar veg.
Utstyr:
Frammøte: Shell sør på Fagernes kl. 09.00. Dei som ønskjer å slutta seg til lengre nord, melder frå til turleiaren ved påmelding.
Frist for påmelding (sjå kontaktinformasjon) seinast 25. august kl 18:00.