Kom deg ut-dagen, rundtur over Skaget - Kremtopp

Fellestur

Dato
1. september kl. 10:00 - 15:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Seniorer
Arrangør
DNT Valdres
Dette arrangementet er over!

Spanande rundtur over Skaget som startar frå stor parkerings- og rasteplass litt før Storeskag-stølane, og går på god sti til innunder foten av fjellet.

Her tek vi eit litt uvanleg vegval, vi fortset forbi fjellet og opp til toppen frå vest, litt meir spanande. Toppen byr i godvêr på flott utsyn mot vidder, vatn og fjell – både nært og i Jotunheimen og Rondane.

Frå toppen går vi litt austover, og så rett ned, fyrst i ein del stein, men etter kvar mest på grasbakke. Halvveges nede stigninga tek vi av austover, og går ut mot den karakteristiske Nasen. Her får vi flott utsyn ned mot det spanande landskapet rundt Skagstjerna, med Buatinden, Marsteinhøgda og Langsuene bak.

Frå Nasen tek vi ned att til hovudstien som vi fylgjer attende til bilane. Runden  tek 4 – 5 t inkl. matpause.

Kart: Turkart for Øystre Slidre (gult) i 1:50.000

Frammøte kl 10 ved Coop på Heggenes, for evt. samkjøring.

Frist for påmelding (sjå kontaktinformasjon) seinast 29. august kl 22:00.

Kom deg ut-dagen, rundtur over Skaget - Kremtopp

Spanande rundtur over Skaget som startar frå stor parkerings- og rasteplass litt før Storeskag-stølane, og går på god sti til innunder foten av fjellet. Her tek vi eit litt uvanleg vegval, ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Tor Harald Skogheim