Saurrunden, skitur m/Seniorgruppa

Fellestur

Dato
2. mars kl. 10:00 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
DNT Valdres, Seniorgruppa Valdres
Turområde
Langsua (Huldreheimen) (se kart)
Turkode
Påmeldingsfrist 28. feb
Dette arrangementet er over!

Saurrunden er ein av dei finaste skiturane i sørre delen av Øystre Slidre. Så bli med! På dei høgste punkta på turen er det i fint ver utruleg flott utsikt mot Jutunheimen og Langsua.

Turen startar frå parkeringsplassen ved Reina eit par km. aust for Juvikåsen. Der frå følgjer vi oppkøyrd skiløype over Liaåsen mot Tansberg, over Saurshøgde ned til Saursvatna, så ned til gapahuken ved Kjølen, over Kølafjellet til Lie og ned att til parkeringsplassen.  

Turen er ca. 17 km. lang og går i oppkøyrde spor. Høgdeskilnaden for heile turen er ca. 650 m.

Turen er middels tung. Det er 4 lange stigningar, ein i starten, ein opp mot fjellet like før Saur, ein frå Kjølen og den siste frå krysset mot Vangsjøen og opp mot Kjølafjellet.  Det er ein litt utfordrande utforbakke, elles er utforbakkane greie på normalt og godt føre. Turen eignar seg ikkje for fjellski. Du må vera i normalt god fysisk form.

Vi skal inn i snaufjellet, så kle deg for dette. Ta med sitjeunderlang, ekstra sokkar og vottar. Ta også med godt med niste og varm drikke.

Frammøte på Shell-stasjonen på Fagernes kl. 10.00. Der frå køyrer vi via Melbybråten. Siste delen av vegen er på bomveg (60 kr.) Dei som vil møta på Melbybråten eller ved Reina, avtalar det når dei melder seg på turen. Vi reknar med å vera tilbake på Fagernes til kl. 16.00.

Vi ønskjer ikkje å avlysa turar. Turen kan difor bli lagt om eller flytta dersom veret blir for vanskeleg.  

Frist for påmelding (sjå kontaktinformasjon) seinast 28. februar kl 18:00.

Kartblad:  Skiløyper Øystre Slidre 2015 - 2016

Gjeldende smittevernregler:

  • Slik regelverket er for tiden kan vi kun ta med deltagere fra kommuner i Valdres
  • Vi anbefaler ikke felleskjøring, men  om det likevel gjøres for kortere avstander, gjelder avstandskravet også i bil for andre enn husstandsmedlemmer
  • Aktuelle regler se: https://www.dnt.no/aktiviteter-covid-19/

Saurrunden, skitur m/Seniorgruppa

Saurrunden er ein av dei finaste skiturane i sørre delen av Øystre Slidre. Så bli med! På dei høgste punkta på turen er det i fint ver utruleg flott utsikt mot ...

Kontaktinformasjon:

  • Bjørn Vegard Johnsen
  • Tlf. 481 42 002

Turledere:

  • Ester Christensen
  • Bjørn Vegard Johnsen