Dagstur med sykkel og til fots i Langsua nasjonalpark m/Seniorgruppa

Fellestur

Dato
31. august kl. 08:30 - 18:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Sykkeltur, Fottur
Arrangører
DNT Valdres, Seniorgruppa Valdres
Turområde
Langsua (Huldreheimen) (se kart)
Turkode
Påmeldingsfrist 29. aug

Dette er ein kombinert sykkel- og fottur for deg som ønskjer å oppleva opne buer og landskapet i Langsua nasjonalpark i løpet av ein lang dagstur.   

Turen går mellom Etnstølen i Øystre Slidre kommune og Massingholet i skaret mellom Sørre og Nørre Langsua i Gausdal kommune. Under vegs er vi innom DNT-hytta Haldorbu og dei opne buene Vestrheimsbua og Langsubua.

Vi parker bilane på Etnstølen. Det er smått med parkeringsplassar der, så vi må kanskje parkera litt rundt om kring.  Frå Etnstølen syklar vi 5 km til Kvitfeten på ein noko holut bilveg. Denne vegen er stengt for biltrafikk i beitesesongen. Frå Kvitfeten syklar vi 5 km på ein svært dårleg traktorveg fram til Haldorbu.  Frå Haldorbu følgjer vi DNT-stigen mot Skriurusten til Massingholet via Vestrheimbue. På tilbaketuren går vi bortom Langsubue på DNT-stigen mot Storkvelvbu. Heile fotturen fram og tilbake er ca. 15 km. Totalt blir dagsturen ca. 35 km medrekna syklinga. Difor blir turen karakterisert som krevjande.

Det er ingen harde stigningar på sykkelturen, men vegen frå Kvitfeten til Haldorbu kan vera litt utfordrande på grunn av mykje store steinar i traseen. 

Det er lett å gå i nasjonalparken. Tyngste stigninga er frå Vestrheimsbua til Massingholet.

Litt om landskapet: Sykkelturen går gjennom Haldorbu landskapsvernområde. Dette er eit beiteområde med mykje sau og ein del storfe. Her er det store myrar og mykje fjellbjørkeskog.

Fotturen er for det meste i nasjonalparken. Det er mest snaufjell og opne vidder der vi skal gå.

Krav til utstyr: Sykkeldelen av turen: Det passar best med terrengsykkel, går også med hybridsykkel med breie dekk.  Ta med ekstra sykkelslange, lappesaker, sykkelpumpe og sykkelhjelm.

Fotturen: Det kan vera fuktig fleire stader. Vi anbefalar fjellstøvlar både til sykkeldelen og til fotturen. Kle deg for ein dag i snaufjellet. Ta med sitjeunderlag, lue, skjerf og vottar. Ta også med godt med niste og drikke.

  • Etnstølen:           ca.   900 m.o.h.
  • Haldorbu:            ca. 1020 m.o.h.                                            
  • Massingholet:  ca. 1350 m.o.h.

Frammøte på Shell på Fagernes kl. 08.30. Dei som ønskjer å møta lenger nord, avtalar det når dei melder seg på. Vi reknar med å vera tilbake på Fagernes i 18-tida.

Frist for påmelding (sjå kontaktinformasjon) seinast 29. august kl 18:00.

Kart. Turkart Øystre Slidre  1:50 000

Dagstur med sykkel og til fots i Langsua nasjonalpark m/Seniorgruppa

Dette er ein kombinert sykkel- og fottur for deg som ønskjer å oppleva opne buer og landskapet i Langsua nasjonalpark i løpet av ein lang dagstur.    Turen går mellom ...

Kontaktinformasjon:

  • Bjørn Vegard Johnsen
  • Tlf. 481 42 002

Turledere:

  • Mads Wangensten
  • Bjørn Vegard Johnsen