Kom deg ut-dagen: Dagstur til Svarthamartinden

Fellestur

Dato
5. september kl. 10:00 - 15:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Komdegutdagen
Arrangør
DNT Valdres
Turkode
Påmeldingsfrist 3. sep
Dette arrangementet er over!

Nabotoppen til Skaget, Svarthamartinden (1471 moh), byr på nesten like fint og vidt utsyn, og ein variert tur i ope og triveleg terreng.

Turstart ved Kjølabu på Øystre Kjølastølen. Hit kjem du ved å ta av fv 51 i Heggenes og fylgje skilting mot Robøle, Yddin og Langsue nasjonalpark (bom etter 3 km). Rett etter brua over Kjølaåne (4 km forbi Yddin Fjellstogo) tek du til venstre og kjører til vegs ende, på toppen av Kjølastølen.

Turen går på god sti lett inn til Svarthamar (no privat hytte). Så kort og bratt opp til eit idyllisk tjern, og vidare i jamn stigning til toppen. Truleg same veg attende. Total gangtid: 3 – 4 t

Oppmøte: kl 10 ved Coop på Heggenes.

Frist for påmelding (sjå kontaktinformasjon) seinast 3. september kl 22:00.

Gjeldende smittevernregler:

  • Det skal ikke legges opp til aktivitet som medfører behov for fellestransport eller samkjøring
  • Hold 1 meter avstand til andre der det er mulig, bortsett fra dem du bor med, kjæresten din eller 1-2 faste kontakter om du bor alene.
  • De samme reglene gjelder også for de med Korona-sertifikat
  • Aktuelle regler se: https://www.dnt.no/aktiviteter-covid-19/

Kom deg ut-dagen: Dagstur til Svarthamartinden

Nabotoppen til Skaget, Svarthamartinden (1471 moh), byr på nesten like fint og vidt utsyn, og ein variert tur i ope og triveleg terreng. Turstart ved Kjølabu på Øystre Kjølastølen. Hit ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Tor Harald Skogheim