Dagstur på 3 toppar i Aurdalsåsen m/Seniorgruppa - Kremtopp 2022

Fellestur

Dato
12. juli kl. 09:30 - 17:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Kremtopp
Arrangører
DNT Valdres, Seniorgruppa Valdres
Turkode
Påmeldingsfrist 10. juli
Dette arrangementet er over!

Bli med på tur til 3 toppar i Aurdalsåsen, ein av dei er blant årets kremtoppar. Aurdalsåsen har ingen høge tindar som i Jotunheimen, men her er det mange toppar på ca.1000 - 1100 moh med eineståande utsikt.

Turen startar ved bommen ved Storstølen ca. 990 m.o.h. Den ligg like ved alpinanlegget bak Danebu. Der frå går vi på grusveg opp til Øvre Storstølen. Så går stigen i slak motbakke gjennom skogen opp til snaufjellet på Storstølknatten1124 m.o.h. Her er det flott utsikt mot Mellane og Jotunheimen. Så følgjer vi fjellryggen sørover og kjem ned til Kringlestølen. Der frå følgjer vi hovudstigen fram til Bjørgovarden (kremtopp 2022) 1138 m.o.h. Etter ein god matpause går vi same vegen tilbake mot Kringlestølen og tar av på god stig mot Langvsslii. Etter ca 1 km tar vi av mot høgre opp til Steinknatten 1082. Der frå går stigen nordover ned til hovudstigen som fører oss til bake til start.

Turen er ca 11 km frå start til mål. Høgdeskilnadene er ca. 550 m for heile turen. Det er ein del lange slake stigningar og nokre få bratte, men ikkje lange motbakkar. Det er ingen vanskelege og luftige parti. Nokre bekkar kan vera breie dersom det har regna mykje i tida før turen.

Stigen går gjennom småskog, snaufjell og våte område. Det er difor lurt å ha gode fjellstøvlar.

Det kan blåsa surt på toppane, så følg med på vermeldinga og kle deg etter veret.

Ta med rikeleg med niste og drikke. Ta også med sitjeunderlag.

Frammøte på Shell på Fagernes kl. 09.30. Vi køyrer der frå til Aurdal og tar av mot Danebu (bomveg 20 kr.)

Vi parkerer ved bommen nær Storstølen og reknar å vera tilbake på Fagernes ca. kl. 17.00.

Turen er middels krevjande, men du må vera i god fysisk form og vera vand med å gå dagsturar i fjellet.

Vi ønskjer ikkje å avlysa turar. Turen kan difor bli lagt om eller flytta dersom veret blir for vanskeleg.  

Kartblad: Fagernes Norgesserien  turkart  1: 50 000 Nordeca

Frist for påmelding (sjå kontaktinformasjon) seinast 10. juli kl. 18.00.

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Bjørn Vegard Johnsen