Sykkeltur langs innsjøen Vinstre m/Seniorgruppa

Fellestur

Dato
30. august kl. 09:00 - 17:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
DNT Valdres, Seniorgruppa Valdres
Turkode
Påmeldingsfrist 28. aug

Opplev stølar og natur langs innsjøen Vinstre frå sykkelsetet. Bli med og nyt det eineståande stølslandskapet langs innsjøen Vinstre frå sykkelsetet.

Sykkelturen er ca. 35 km lang tur / retur og startar ved bommen på Jotunheimvegen like ovanfor Bygdin. Vi snur ved demningen ved austenden av Vinstre og syklar tilbake til start. På turen syklar vi gjennom fleire stølar i aktiv drift. Kanskje vi også kjøper oss ein kaffikopp på Haugseter. 

Turen går på god grusveg og eignar seg for dei fleste syklar. Ta med ekstra sykkelslange, sykkelpumpe og lappesaker. Hugs sykkelhjelm og refleksvest. Vi syklar på trafikkert veg. Turen går i opent lende, kle deg difor godt og ta med rikeleg med mat og drikke. Det blir fleire pausar under vegs.

Oppmøte på Shell på Fagernes kl. 09.00. Dei som ønskjer å slutta seg til andre stader, avtalar det med turleiaren når dei melder seg på.

Påmeldingsfrist: Seinast 28. august kl. 18.00 til Bjørn Vegard Johnsen på tlf. 48142002

Kart:  Mesterkart Turkart Øystre Slidre målestokk 50 000

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Mads Wangensten
  • Bjørn Vegard Johnsen