Rasletind; dagstur

Fellestur

Dato
20. september 2015 kl. 08:00 - 18:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Fjellsportinteresserte
Arrangør
DNT Valdres
Dette arrangementet er over!

Rasletinden 2105 moh er for mange av oss i Valdres den næraste 2000-metertoppen og den er også lett tilgjengeleg både på sommartid og med ski om vinteren. Sist sommar vart det laga ny varderute opp til toppen frå vandrarheimen på Valdresflye og vi kjem til fylgje denne ruta på fellesturen. Turen er grei å gå og passar godt for både yngre og eldre som likar ein fottur i høgfjellet.

På turen opp kjem vi fyrst til Øystre Rasletind 2010 moh, den høgaste toppen i Øystre SLidre kommune, der kommunane Øystre Slidre, Vang og Vågå møtes. Deretter er det om lag eín km bort til Rasletinden som ligg i Vang og Vågå. Rasletinden er også det søraustlege hjørnet til Jotunheimen nasjonalpark. Frå toppen er det eit fantastisk utsyn til alle dei høge og ville tindane og til breane i området mellom Bygdin og Gjende.

Fjellturen tek 6-7 timar. Kart: Norge-serien 10056 «Bygdin».

Oppmøte: Kl.08.00 utanfor Skysstasjonen Fagernes, for eventuell samkjøring. Start frå vandrarheimen på Valdresflye kl. 09.30. Oppgje telefonnummeret ved påmelding.

Påmeldingsfrist: 17.september:
mari.k.evenstuen@gmail.com 975 92 715 eller

madswangensten@gmail.com 413 56 082

Rasletind; dagstur

Rasletinden 2105 moh er for mange av oss i Valdres den næraste 2000-metertoppen og den er også lett tilgjengeleg både på sommartid og med ski om vinteren. Sist sommar vart ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Mari Klosbøle Evenstuen
  • Mads Wangensten