26. til 28. januar var det Nordisk skredkurs

Snøprofil: Even Berntsen fekk ei blokk av fokksnø til å løsne ganske lett.
Snøprofil: Even Berntsen fekk ei blokk av fokksnø til å løsne ganske lett. Foto: Tor Harald Skogheim

Kurset var retta mest mot fjellskiløping og det var seks som møtte opp på Brennabu fredag kveld, til 2 – 3 timar teori. Even Berntsen frå Fagernes, som var leiar for kurset, slo tidleg fast at det viktigaste er å lære å halde seg heilt unna område der skred kan oppstå, det vil seie skråningar på 30 grader eller meir.

Vi lærte om korleis snø blir omdanna under ulike tilhøve. Å sjå etter kjenneteikn i terrenget. Også skredvarsel på nett, fyrst og fremst på nettsida varsom.no, var viktig del av læringa.

Innover mot Grønsennknippa
Innover mot Grønsennknippa Foto: Tor Harald Skogheim

Laurdag var det lang utedag i området mot Grønsennknippa, for å sjå nærare på eit stort flakskred som hadde gått i den bratte austsida. Vurdering av terrenget, kor bratt det er, og avstanden ein bør halde for å vere på den trygge sida, var viktige delar av kurset i tillegg til kunnskap om korleis snøen endrar konsistens - med aukande rasfare som muleg resultat. 

Vi sjekka småskavlar, grov snøprofil og testa ut kor sannsynleg det var for at ras kan oppstå.

På heimveg fekk vi prøve å sjekke brattheit med enkle hjelpemiddel, vi prøvde korleis det er å stikke søkestanga gjennom snøen ned i ein person, og vi fekk prøve kor effektivt elektronisk skredsøkjarutstyr er.

Søndag var det tur, med planlegging og vurdering. Etter 15 centimeter nysnø om natta, og redusert sikt frå morgonen, vart det til at vi endra turplanane. I staden for tur mot Myljofjell ved Skogshorn vart det tur oppover mot Gråkampen, med innlagt graving av snøprofil.

Etterpå vart det nødigloo- og laussnøkjøring ned! Ei særs lærerik og triveleg helg!

Referent: Tor Harald Skogheim

Kari Melby (t.h.) og Lise Nystuen har grave snøprofil i fjellet opp mot Gråkampen. Kursleiar Even Berntsen fylgjer med.
Kari Melby (t.h.) og Lise Nystuen har grave snøprofil i fjellet opp mot Gråkampen. Kursleiar Even Berntsen fylgjer med. Foto: Tor Harald Skogheim

Skrevet av Jørgen Wangensteen 31. januar 2018