Referat fra høstmøtet 2019 i DNT Valdres

Generalsekretæren i DNT og vandrarpresten i Vang var trekkplaster då DNT Valdres inviterte til eit godt besøkt medlemsmøte måndag kveld.

Rundt 50 møtte opp på Valdres vidaregåande skule, der styreleiar Merethe Lundene ynskte velkomen. 

Ho orienterte kort om aktiviteten i år, om kurs, dugnader og mellom 70 og 80 avvikla turar. Dessutan om eit aktivt engasjement med uttaler i fleire friluftspolitiske saker, blant anna rundt vindmøller og om fjellgrense for hyttebygging.

Og ho inviterte fleire til å melde seg som dugnadshjelparar med rydding og merking av ruter.

Så overtok Dag Terje Klarp Solvang, som i fjor haust vart ny generalsekretær i DNT, "verdas kjekkaste jobb", som han sjølv sa.

Solvang kjenner elles Valdres godt, mellom anna etter ti år som kokk og drivar av den tidlegare vandrarheimen på Valdresflye. Han var også i Valdres for eitt år sidan, då det vart feira at Vinda ikkje blir utbygd.

Solvang fortalte engasjert om det enorme frivillige arbeidet i DNT, som årleg utgjer nesten 900.000 dugnadstimar. Han orienterte om vegvala framover, der stikkorda i år er mangfald og inkludering, neste år er det bærekraft, i 2021 kortreist friluftslykke, og i 2022 om frivillig-arbeidet.

Ny generalsekretær: Dag Terje Klarp Solvang i DNT er mektig stolt av det arbeidet som er lagt ned av foreininga gjennom snart 152 år.
Ny generalsekretær: Dag Terje Klarp Solvang i DNT er mektig stolt av det arbeidet som er lagt ned av foreininga gjennom snart 152 år. Foto: Tor Harald Skogheim

Etter ein kort pause med kaker og kaffe, frukt og farris, var det klart for bildeforedraget "Å gå rikare vidare", ved Ingebjørg Vik Laugaland. Ho er sokneprest i Vang, men har langt meir enn teologi i bagasjen, blant anna klatrekurs, brekurs og turleiarutdanning. Dette brukar ho aktivt i foretaket vandrarpresten.no, der ho tilbyr "tur med meining", teambuilding, foredrag samt vigsel til fjells.

- Eg opplevde tidleg som turleiar i DNT at mange hadde behov for å prate, at samtalen var like så viktig som sjølve turen frå A til B, og dette er berande i opplegga mine, sa ho.

Vandrarpresten: Den gode samtalen medan du går er ein viktig del av turen, sa Ingebjørg Vik Laugaland.
Vandrarpresten: Den gode samtalen medan du går er ein viktig del av turen, sa Ingebjørg Vik Laugaland. Foto: Tor Harald Skogheim

Til slutt i møtet var det trekning av flotte premiar i Kremtoppjakten, som kvart år har blitt gjeve av Sport 1 på Leira.

Ansvarleg Torkjell Haugen orienterte om at dei deltakarane som er kvalifiserte for krus med Skaget-bilete på kan hente krusa på turistkontoret på Fagernes frå tidleg i desember.

Referent: Tor Harald Skogheim

Foto: Jørgen Wangensteen

Skrevet av Jørgen Wangensteen 14. november 2019