29. juli var det tur til Grønsennknippa

På Grønsennknippa
På Grønsennknippa Foto: Mads Wangensten

Det var meldt regn denne siste søndagen i juli og vi var førebudd på at regntøyet måtte takast fram, men då turen starta klokka 10.00 frå Joker Vaset kom sola fram på himmelen og opna for ein strålande flott dag!

Til saman var vi ni personer som vart med på fellesturen til kremtoppen i Vestre Slidre. Det viste seg at alle var erfarne turgåarar på Grønsennknippa og godt kjent i området. I alt tre av dei ni turdeltakarane var dessutan utdanna turleiarar i DNT Valdres. Turens yngste deltakar hadde også dobbel jubileum; ho var 10 år gamal og for 10.gong til toppen av Grønsennknippa!

Kart over ruta til Grønsennknippa
Kart over ruta til Grønsennknippa Foto: Mads Wangensten

Vi kjørte med bil inn til Bjødnhøvd der det er greit å parkere bilen og turstien starter. Turen gjekk først på fin sti ein god kilometer innover dei vide vidder mot foten av Grønsennknippa. Her kan ein ofte sjå elg på myrene, men denne gongen var han fråverande. Siste del av  turen er oppstigninga til toppen og omlag halvveges i oppe i fjellsida tok vi ei skikkeleg lang matpause.

Utsikt fra Grønsennknippa
Utsikt fra Grønsennknippa Foto: Mads Wangensten

Oppe på toppen fekk vi ein fantastisk utsikt i alle himmelretninger. Lufta var klar slik at i sør såg vi Gaustatoppen og i nord dukka Hurrungane opp. I tillegg til alle kjente og nære fjell som Skogshorn, Jørundgilknappen, Rankonøsi, Gilafjell, Bitihorn, Melladn, Synfjell og Ålfjell. Og synet vi får frå Grønsennknippa mot Jaslangen, Strø og Helin er heilt fantastisk! Grønsennknippa har vi alltid rekna for 1368 m.o.h., men er no vorten 1370 m.o.h.

På turen ned frå fjellet tok vi ein interessant avstikker bort til nokre blokker med konglomeratsteinar. Omlag klokka14.30 var vi tilbake til bilane ved Bjødnhøvd etter ein flott fellestur med DNT Valdres!

Referent og turleiar: Mads Wangensten

Turleiar fortel om konglomeratsteinen
Turleiar fortel om konglomeratsteinen
Klikk her for å skrive tekst.

Skrevet av Jørgen Wangensteen 2. august 2018