28. august hadde Seniorgruppa dagstur i Heimdalen

Mot Knutshø og Besshø
Mot Knutshø og Besshø Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Det vart ein nydeleg haustdag i fjellet mot Sjodalen. I tillegg til dei to turleiarane var 12 andre med på turen. Dei fleste kom frå Valdres, ein frå Hallingdal, ein frå Lillehammer og ein frå Fredrikstad. Berre nokre få hadde vore i Heimdalen før, men nesten ingen hadde gått over fjellet mot Sjodalen før.

Vi var spente på korleis veret vart. Dagen før var det tett skodde og regn, ja, det låg nysnø langs vegkantane oppe på Valdresflye. Turdagen starta med nær det same veret, trass i at vermeldinga var mykje betre. Heile turen kunne bli lagt til Øvre Heimdalen dersom skodda ikkje letta. Oppe på flye var det framleis skodde då vi kom dit, men på nordsida var ho borte, og vi hadde god sikt mot det området vi skulle gå i og mot fjella rundt.

Av praktiske grunnar plasserte vi bilar både i Heimdalsmunnen der fotturen skulle starta og ved ein parkeringsplass nedanfor Vargebakken, der turen enda.

Veret var litt hustrig då vi starta å gå, og vi kledde oss godt.  Men berre litt nede i dalen vart det lunare og temperaturen steig.  Etter kvart kom også sola fram.

Opp mot fjellet
Opp mot fjellet Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Ved Brurskarsbekken nede i dalen har fjellstyret sett opp vadestavar på kvar side til hjelp når ein skal over bekken.  Dei var ikkje sett på plass att.  Men vi hadde med oss nylaga stavar som vi sette att då vi var komne velberga over.

Ved Sandbakkbue hadde vi ein halvtimes matpause. Bua er ei av Øystre Slidre fjellstyre sine opne buer. Det blei fortalt om bruken av fjellet frå utgammal tid, om segna om Ridderspranget og Øvre Heimdalen si rolle i den saka. Vidare blei det fortalt om konfliktar om eigedomsretten til dalen frå 1600-talet og fram til vår tid, om forskinga i området og mangt anna.

Rast ved Sandbakkbue
Rast ved Sandbakkbue Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Frå Sandbakkbue følgde vi den t-merkte stigen mot Gjendesheim. Vel oppe i lia er det fin utsikt mot fjella sør for Øvre Heimdalen, m.a. Grøhø, Reinsryggen, Gluptindane og Fisketjednsnuten.  Etter kvart flatar lendet meir ut, og etter ein times gange var vi oppe på vel 1300 m.o.h. Der var det på nytt matpause i ly for vinden oppe på dei vide flatene lengre oppe.

Rast på 1300 moh
Rast på 1300 moh Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Der, på ca. 1350 m.oh., var det vindstille, sol og praktfull utsikt mot Brurskarsknappane,  innover Leirungsdalen med alle sine tindar og mot toppar ved Gjende. Mange tykte det var interessant så sjå dei frå denne sida. Vi tok oss god tid til å fotografera og å studera fjellverda som opna seg for oss.

Ein god time seinare rasta vi på nytt i lia ned mot Sjodalen og hadde m.a.  Besseggen og Besshø tettare inn på oss.

Etter i alt 5,5 timar var vi nede ved hovudvegen, og ein bil blei henta oppe ved startpunktet for turen slik at alle kom seg greit heim.

Turen blei gjennomført utan uhell av noko slag. Dette er ein tur som få går. Vi som gjekk her denne dagen, fekk ei ugløymande oppleving. Takk til alle deltakarane for godt humør og triveleg samver. Stor takk også til Linda Elisabeth Wickstrøm som var med som turleiar for første gong.

Turleiar og forteljar: Bjørn Vegard Johnsen

Utsikt over Sjodalen
Utsikt over Sjodalen Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Skrevet av Jørgen Wangensteen 31. august 2018