15. mars hadde Seniorgruppa skitur i Tansbergrunden

Oppstart frå Tansberg.
Oppstart frå Tansberg. Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Seks turdeltakarar og to turleiarar let seg ikkje skremma av at veret ikkje var det aller beste på skituren. Det vart ein fin tur i glimrande skiløyper og eit behageleg turver.

Etter det store snøfallet tidlegare i veka var vi spente på ver og føre.   Om morgonen sjølve turdagen låg skodda langt nede i liene, men like før turstart sprakk skodda opp langs åskantane, og vi fekk ein glimt av sola. Det var vindstille, ikkje ein vindpust, og temperaturen var svært behageleg.

Vi nærmar oss Tansberg.
Vi nærmar oss Tansberg. Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Turen starta på Dalen. Sola blei borte, og då vi passerte stølane på Bjødnhøvd, tjukna skodda til att. Oppe på høgste punktet på turen var sikten svært redusert. Men løypa er godt stikka og nyoppkøyrd, så det var ingen fare. I fint ver er det flott utsikt til mange fjelltoppar her: Synnfjellet, Røssjøkollane, Djuptjernskampen, Langsuene, Skaget, Mellane og Jotunheimen m.a. Denne gongen måtte turleiarane nøya seg med å nemna toppane og peka ut retninga dei ligg i. Ned mot brua over elva Nisa var det svært snøblindt, men vel nede vart sikten betre. Oppe på siste høgda før Tansberg kunne vi sjå heile stølsgrenda der. Sola skein ei lita stund på åsen i aust, og i vest dukka det opp eit eventyrleg lys i skodda.

På Tansberg har entusiastar sett opp ein flott gapahuk. Her hadde vi ein lang og god matpause før turen gjekk vidare vestover til løypekrysset mot Saur. Der hadde seniorgruppa skitur for to år sidan.

Stopp i krysset på Vingjaråsen.
Stopp i krysset på Vingjaråsen. Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Oppe på Liaåsen var sikten så god at vi så vidt skimta nedste delen av Mellane.  Turen gjekk så sørover og nedover ein lang og slak utforbakke og over lange og flate myrer.

På turen hadde vi mange korte pausar der turleiarane orienterte om landskapet vi gjekk gjennom og informerte om andre turar i år.

Etter 4 timar var vi tilbake ved bilane, glade og godt førnøgde med turen.

Tusen takk til turdeltakarane for ein triveleg tur.  Også takk til Leirin skiløyper som nok ein gong hadde laga gode skispor for oss.


Referent og turleiar: Bjørn Vegard Johnsen 

Turleiar: Ester Christensen

Rast i gapahuken på Tansberg.
Rast i gapahuken på Tansberg. Foto: Marit Hansegård

Skrevet av Jørgen Wangensteen 18. mars 2019