5. juni vart det arrangert tur i Synshorn Via Ferrata for DNT Ung

Synshorn Via Ferrata for DNT Ung
Synshorn Via Ferrata for DNT Ung Foto: Guri Oline Iversen

Klokken 10.30 søndag morgon møtte 8 deltakarar i målgruppa 16- 35 år opp på parkeringsplassen ved Bygdinstogo, spente og klare for å klyve opp Via Ferrataen. Deltakarane fekk utlevert sele og hjelm, samt forklart vegen vi skulle gå.

Turen oppover består av nokre overheng, slake og bratte partier. På Grønolstigen fekk dei utlevert ein pakke med rosiner som dei kunne styrke seg vidare på opp den luftige veggen. Undervegs vart det mykje bildetaking og filming, samt latter og dans.  På Campingplassen fekk deltakarane endra på rekkefølga og ein av deltakarane fekk æra av å komme først til topps. På toppen møtte eg ein godt fornøgd og blid gjeng som hadde meistra møtet med fjellveggen med glans.

Tusen takk for ein flott tur, og velkommen tilbake til fleire turar med DNT Ung Valdres.

Turleiar og referent: Guri Oline Iversen.

Synshorn Via Ferrata for DNT Ung
Synshorn Via Ferrata for DNT Ung Foto: Guri Oline Iversen

Skrevet av Jørgen Wangensteen 28. juni 2022